Vedtekter for Sula Blues & Jazz klubb


§ 1 Namn

a) Foreininga sitt namn er Sula Blues og Jazz Klubb. Foreininga vart stifta 10.01.2003.
b) Foreininga sin heimstad er Sula Kommune.

§ 2 Form

Sula Blues og Jazz Klubb er ein sjølvstendig, ideell medlemsforeining. Sula Blues og Jazz Klubb er medlem i Norsk Blues Union og Norsk Jazzforum.

§ 3 Føremål

Vi har eit tredelt mål med det vi driv på med. Vi skal kunne presentere musikk med stor breidde innan blues og jazzsjangeren, med ei blanding av lokale, regionale og nasjonale utøvarar.

Sula Blues og Jazz Klubb skal vere ei scene for lokale musikarar, spesielt har vi fokus på å kunne vere ei drivkraft for å gje unge musikarar ein stad å presentere seg.

Sula Blues og Jazz Klubb skal ikkje minst vere ein sosial møteplass der publikum kjenner seg heime.

§ 4 Medlemskap

Alle som tilslutter seg foreninga sine føremål og vedtekter kan vere medlem i Sula Blues og Jazz Klubb. Alle medlemmer har rett til å påverke foreninga si drift gjennom deltagelse på årsmøte eller andre demokratiske fora.

Kontingent og kontingentperiode vert bestemt til ei kvar tid av årsmøtet. Alle som har betalt medlemskontingent er å regne som medlemmar av Sula Blues og Jazz Klubb.

Medlemskapet medfører bl.a.

- billegare adgang til Sula Blues og Jazz Klubb arrangementer
- medlemspris hjå andre klubbar som er medlem i Norsk Blues Union og Norsk Jazzforum.

Dersom eit medlem ikkje betalar kontingenten, opphøyrer medlemskapet. Eit medlem som motarbeidar Sula Blues og Jazz Klubb sine føremål kan, etter å ha forklart seg for styret, ekskluderast for ei bestemt periode.



§ 5 Styret

Sula Blues og Jazz Klubb vert leia av eit styre på 6 personar. Styret si hovudoppgåve er å ivareta formålsparagrafen til foreninga. Styret pliktar å følge vedtekter og retningslinjer vedtatt av årsmøtet.

Styret er beslutningsdyktig når minst halvparten av medlemmane er til stades, og vedtak vert gjort med alminneleg fleirtall. Semje skal verte prøvd i alle saker. Ved jamnstemme gjeld den meining som leiar har.

Styret forbereder og sørger for at neste årsmøte finner sted.

Styret pliktar å inneha sine verv i perioden mellom to årsmøter. Ved evt. fråfall i denne perioden, supplerer styret seg sjølv ved at ein av vararepresentantane trer inn i styret som vanleg medlem.

Styret plikter å avholde styremøte minst fire gongar i året. Det skal førast protokoll frå alle styremøter.

Det er gratis medlemsskap for styremedlemmer.

§ 6 Årsmøtet

Årsmøtet er Sula Blues og Jazz Klubb øvste myndigheit, og vert holdt kvart år innan første kvartal

Årsmøtet skal:

Velje møteleiar og referent
Handsame styret si årsmelding
Handsame styret sitt reknskap
Behandle innkomne forslag. Desse må vere styret i hende seinast veker før årsmøtet
Velje nytt styre

Årsmøtet er beslutningsdyktig når det er lovleg innkalt, dvs. ved kunngjering seinast 4 veker før det skal avholdast.

Saksdokumenter skal vere disponible for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet.

Stemmeføre er alle som har gyldig medlemskap når årsmøtet vert holdt. Avstemninger skal foregå skriftleg dersom ein person forlangar dette.

Vedtak på årsmøtet fattast med alminnelig fleirtall, dersom intet anna er nemt i vedtektene. Ved handsaming av årsrapport og reknskap har styret ikkje stemmerett.


§ 7 Økonomi

Reknskapsåret er 1.januar til 31.desember og Sula Blues og Jazz Klubb sitt reknskap vert ført av kasserar eller den styret vel.

Reknskapet skal vere tilgjengeleg for alle medlemmar med 4 vekers varsel.

Reknskapet skal til ei kvar tid kunne framleggast for styret, som vidare kan godkjenne at andre enkeltpersonar eller instansar får reknskapet til gjennomsyn.

Årsmøtet vel 2 revisorar med 1 vararepresentant som har til oppgåve å gå gjennom Sula Blues og Jazz Klubb reknskaper og forestå eventuelle andre kontrollfunksjonar som årsmøtet pålegg dei.

Eventuelle erstatningskrav mot medlemmar av styret, reist av styret eller årsmøtet, skal vurderast av offentleg godkjent revisor.


§ 8 Oppløysing
Foreninga kan kun oppløysast etter vedtak i årsmøte. Det forutset at forslag om oppløysing ligg under årsmøtet sin dagsorden. Oppløysing krev 2/3 fleirtall av frammøtte. Ved oppløysing skal årsmøtet disponere foreninga sine midlar etter vedtekter og formålsparagraf. Midlar som klubben eig vert ved oppløysing gitt til ideelle organisasjonar.

§ 9 Vedtektsendring
Vedtektsendringer kan kun gjerast på årsmøte og krev 2/3 fleirtal blant dei frammøtte som har stemmerett.